Samarbeidsprosjekt: Naturkunst på 1.-2. trinn og SHAPE
Sjølv om vi er ein skule som ligg i utlandet har vi fleire samarbeidspartnarar rundt oss. Ein av desse er den andre norske skulen som ligg i Belgia; DNS SHAPE. Lærarane kjenner kvarandre godt og mange av elevane kjenner kvarandre. Vi prøver å ha prosjekt saman, invitere kvarandre på besøk når det skjer noko spesielt og reise på turar saman. Då vi hadde heimeskule samarbeidde 1.-2. trinn med dei ynste klassene ved DNS SHAPE med eit prosjekt i kunst og handverk. Prosjektet handla om at elevane skulle lage portrett dei pynta med bladet frå tre og/eller blomar, altså eit prosjekt innføre temaet berekraftig utvikling som er sentralt i dei nye læreplanane vi startar med frå hausten av. Dei kunne nytte kvistar, gras, kongler, blomar, daudt løv, steinar eller andre ting dei fann ute.
Vi gler oss til vidare samarbeid og besøk!
Her er bilete frå både våre og SHAPE sine elevar.