Konsert: Lucia 1.-7. trinn
Lucia er ein dag vi brukar å markere på campus. Dette saman med dei skandinaviske barna som går på EEBA. Til vanleg brukar vi å ha ein skulekonsert og ein kveldskonsert der føresette og familie er invitert. Dette brukar å vere stor stas for barna og, ikkje minst, skape god julestemning. I år har vi måtta gjort det litt annleis, men vi fekk heldigvis bevart litt av stasen og den gode julestemninga. Etter konserten gjekk DNSB-elevane vidare i skogen der vi gjekk rundt med nissehuer, sang Lucia-songar, grilla og leika mykje saman. Ein flott dag!
Her er film frå konserten slik både føresette og andre familiemedlemmar kan skape seg litt julestemning.
Tusen takk for godt samarbeid med EEBA for å få til denne konserten på kort tid!