Elevarbeid: Regnboger og bamsar
Over heile verda lagar barn regnboger til trøst og oppmuntring for å vise at «alt blir bra», at det er håp og at vi skal vinne over koronaviruset. Regnbogen blir plassert i eit vindauge eller ein annan synleg plass. Vi har òg fått med oss at mange barn plasserar ein bamse i eit synleg vindauge i huset sitt for å vise at her bur det born. Desse kan ein telje når ein er ute å går tur (noko ein i skrivande stund kun kan gjere saman med familie eller med éin ven med god avstand) og gjere gåturen litt meir spanande både for liten og stor.
På 1.-2. trinn har vi gjort begge deler denne veka. I tillegg til å skrive «alt blir bra» har mange elevar fått skrive «tout ira bien» på fransk slik dei lokale barna forstår kva vi har skrive. Her er bileta elevane har levert.