Elevarbeid: Nasjonaldagar i ulike land med 1.-2. trinn
Elevane på 1.-2. trinn har i samfunnsfag arbeidd med nasjonaldagar i ulike land. Dei har i grupper fokusert på kvar sine land og laga presentasjonar. Etter at presentasjonane var ferdig presenterte dei desse munnleg for resten av klassa. Dei landa vi har fokusert på er Frankrike, Sverige, USA og Belgia. Elevane laga felles kriteriar for kva som skulle vere med i presentasjonane; når dagen er og kvifor det er akkuart den dagen, kva nasjonalsongen er, kva dei brukar å gjere og kva dei brukar å ete.