Dragon Wisdom!
Temaet for desember har (sjølvsagt) vore jul. Desember er ein månad som for både inneheld halvårsprøver for dei eldste, avslutting av ein del tema i ulike fag og, ikkje minst, kos. Vi prøvar alltid å finne ein god balanse mellom dei litt kjedeligare oppgåvene og det som blir sett på som veldig gøy.
1.-3. trinn
På 1.-3. trinn har vi arbeidd med kristendommen og kvifor dei kristne feirer jul. Vi har fokusert på juleevangeliet og har derfor laga eit kjapt skodespel som fortel det viktigaste frå historia. Det moderne juleevangeliet til NRK har inspirert oss litt, men hadde det ikkje vore enklare å bruke ein motorsykkel enn eit esel?
Elles har vi arbeidd mykje kreativt med å lage julepynt og pynte klasserommet vårt før jul. Her har vi fått øvd oss på finmotorikk, kunstneriske sansar og sosial samhandling.