Dragon Wisdom!
I november hadde vi kroppen som tema til Dragon Widsom. Vi fekk dessverre ikkje til noko presentasjon for kvarandre grunna omstendigheitene. Heldigvis får vi delt nokre av prosjekta her med dykk!
1.-3. trinn
Vi på 1.-3. trinn arbeidde først mykje om fordøyinga. Vi lærte kva dei ulike delane av fordøyinga heitte og kva som skjedde med maten i kvar del. Vi lagde òg modellar av fordøyinga som viste kor lang dei ulike delane er. Utruleg at alt dette får plass inne i kroppane våre!
Etter at vi hadde god skuring på fordøyinga starta vi å arbeide med nokre sjukdommar som er ganske vanlege og som vi finn i fordøyinga vår; spysjuka, blindtarmbetennelse og cøliaki. Her arbeidde vi i tre grupper der kvar av gruppene lærte meir om ein av sjukdommane og laga ein film.