Reisebrev: Brussel med 1.-2. trinn
11. desember reiste 1.-2. trinn til Brussel på klassetur. Her hadde vi ulike oppgåver på nokre av stadane vi besøkte; vi sjekka kor mange perongar det var på Gare Centrale og kva for destinasjonar vi hadde vore før/ønska å reise til, vi talte kor mange hus vi fann på Grand Place, kor mange belgiske og franske flagg vi kunne sjå og kor mange hus som hadde gull på seg og på julemarkedet talte vi stader som solgte kakao og tok bilete av mat vi synast såg digg ut. Elevane har i grupper laga presentasjonar som skal gi svar på dette.