Elevarbeid: «Slik gjekk det til..» 1.-3. trinn
På 1.-3. trinn har vi dei siste vekene arbeidd med eit prosjekt der alle elevane har fått same oppgåve. Dei har alle lest og prata om kva som kjenneteikner «slik gjekk det til»-forteljingar og sett på kva for ordlyd og setningar som går att. Vi tok ein felles gjennomgang på kva for ulike overskrifter ein kan bruke før elevane skreiv ned 2-3 eigne forslag til overskrift. Ut i frå desse valde dei ei og laga eit tankekart om kva som kunne vere med i forteljinga. Vidare skreiv elevane ein kladd for historia på iPaden sidan det der er enklare (og kjekkare) å rette opp i feil og manglar før vi til slutt skreiv teksten vår med den finaste skrifta vi har og laga teikningar. Elevane har lese inn teksten sjølv og øvd på dette med innleving medan ein les.