1.april ved DNSB
Då er 1. april snart ferdig. Ved DNSB har vi på dei tre lavaste trinna prøvd oss på nokre spøkar, meir eller mindre vellykka. Vi håper elevane har vore kreative på heimebane og klart å lure dei andre der. Det har i alle fall vore mange gode idéar vi har høyrt om! Her har vi skrive litt om spøkane vi har gjort i dag. Send oss gjerne tips til gode spøkar vi kan nytte neste år..
3.trinn
Då elevane på 3. trinn møttes på Hangouts tidlegare i dag møtte dei jomande song frå læraren sin Magnus. Han hadde nemleg nytta tida mellom telefonsamtalar og planlegging på å anleggje stemme som operasongaren Pavarotti. Spøken blei dessverre fort avslørt av elevane då dei tydelegvis er ekspertar på Opera og hadde full kontroll på kven stemma tilhøyrde.. Ikkje veldig vellykka, men eit godt forsøk og ein artig start på timen.
1.-2. trinn
I dagtidlig fikk elevane på 1.-2. trinn ei melding på Classroom saman med bildete av eit skriv Øyvind skulle ha sendt ut på e-post til alle føresette ved skulen. Dei skulle så kommentere under innlegget kva alternativ dei ønka seg til lunsj ut skuleåret.
Hei!
Øyvind har sendt ut ett skriv til alle foreldrene ved skolen som gjelder skolelunsj resten av skoleåret (se dette vedlagt). To av de som lager den deilige lunsjen vår på slottet har dessverre måtte reist hjem til sine hjemland da noen i familien deres har blitt syke. Vi vet ikke noe mer om hvordan syk de er. De vil ikke komme tilbake dette skoleåret. Skolen har derfor laget en avtale med Burger King som vil levere lunsj til oss hver dag.
Jeg trenger å vite hvilken lunsjmeny dere velger så fort som mulig slik vi er sikre på at de kan lage og levere det vi ønsker. Dere kan se hva dere kan velge mellom i skrivet. Jeg vil likevel legge ved bilder av hovedrettene dere kan velge mellom her, samt dessertene vi kan få (dette vil variere fra dag til dag).
Skriv gjerne under her hvilken meny du kunne tenke deg. Husk å prat med mamma og pappa om hva du bør velge.
Fleire av elevane reagerte med begeistring sjølv om dei synast det var leit med familien til kokkane. Nokre vart òg i tvil og lurte på om dette kunne vere ein aprilsnarr, men vi lev i trua om at dei ikkje var heilt sikre og føler at spøken vart vellykka.
Då er 1.april ferdig for i år. Vi kan senke skuldrane og vite at vi ikkje blir lurt kvarr gong nokon seier noko og vi er klare for eitt år til med planlegging av neste års spøk.